Sandsøya og Voksa Sogelag

Laget har til oppgåve å samle og ta vare på bruksting, bilete, skrifter og anna frå farne tider, som kan gje kunnskap om kultur, folkeliv, næringsliv og anna i lokalmiljøet. Oppgåva kan også omfatte vern av tun og bygningar med innbu dersom tilhøva ligg til rette for det. Formålet er å gjere samlinga/-ane tilgjengelege for publikum ved permanent utstilling i eigna lokale, eller separate utstillingar i særskilde høve


Vil du verte medlem i sogelaget?

Sandsøy og Voksa sogelag held til i eige bygg på Bringsvorvegen 73. Her har vi utstilling av historiske gjenstandar og bilde, og vi brukar også desse lokala til medlemsmøte og andre arrangement. 

Drifta av laget og huset kostar ein del kvart år, og vi er avhengig av inntekter for å halde det gåande. Såleis er vi glade for kvart nytt medlem. 

Kontingenten for 2024 er fastsett til 150 kroner. Betal gjerne med Vipps til #768663 eller til konto 3906.30.41002. 

Merk betalinga med medlemskontingent.