Vedtekter

Her finn du vedtektene til Sogelaget. Justert og godkjent i årsmøte 11.03.2023

Vedtekter

Sandsøy og Voksa Sogelag


§1

Sandsøy og Voksa sogelag har til oppgåve å samle og ta vare på bruksting, bilete, skrifter og anna frå farne tider, som kan gje kunnskap om kultur, folkeliv, næringsliv og anna i lokalmiljøet.

Oppgåva kan også omfatte vern av tun og bygningar med innbu dersom tilhøva ligg til rette for det. Føremålet er å gjere samlinga/-ane tilgjengelege for publikum ved permanent utstilling i eigna lokale, eller separate utstillingar i særskilde høve.

 

§2

Sogelaget har eit styre på 5 medlemer og 3 varamedlemer. Styret sine medlemer og varamedlemer blir valde av årsmøtet i sogelaget. Styret med varamedlemer blir valde for 2 år. Medlemer og varamedlemer som går ut av styret kan veljast for ein ny periode. Det skal leggjast vekt på å ha kontinuitet i styret ved at 3 medlemer er på val eitt år og dei 2 andre neste år. Årsmøtet vel leiar, kasserar og skrivar i tillegg til 2 styremedlemer og 3 varamedlemer.

 

§3

Styret skal:

·       Ha ansvar for den daglege leiinga av laget sine oppgåver

·       Vere ansvarleg for at det vert halde minst 2 medlemsmøte kvart år

·       Legge fram årsmelding og revidert rekneskap for sogelaget. Desse skal handsamast og godkjennast av årsmøtet. Like eins legge fram andre saker som det ligg til årsmøtet å ta avgjerd i

·       Kalle inn til årsmøte i laget

·       Leiaren i styret har ansvar for å kalle saman til styremøte når aktuelle saker melder seg, og elles når det er behov for det. Styret er vedtaksført når minst 3 av styret sine medlemer er til stades

§4

Årsmøtet er høgste styringsorganet for sogelaget og skal haldast kvart år i tida januar – mars. Kunngjering av årsmøtet skal gjerast ved oppslag og/eller skriv til medlemane seinast 2 veker før årsmøtet vert halde.

Omframt årsmøte kan kunngjerast med varsel som for vanleg årsmøte dersom eit fleirtal av styret eller minst 25% av medlemane set fram grunngjeve krav om det. Røysterett på årsmøtet har alle personlege medlemar av Sandsøy og Voksa sogelag.

 

§5

Det ligg til årsmøtet å:

·       Fastsetje årskontingent

·       Godkjenne styret si årsmelding og reviderte rekneskap

·       Velje styremedlemer og varamedlemer

·       Velje leiar, kasserar og skrivar i laget

·       Velje ordstyrar

·       Velje revisor

·       Velje valnemnd som kjem med framlegg om kandidatar til styret til neste årsmøte

·       Gjere vedtak i saker som normalt ikkje ligg til styret

·       Gjere vedtak om eventuelle endringar i vedtektene

Til gyldig vedtak på årsmøtet krevst vanleg fleirtal.

 

§6

Alt det som Sandsøy og Voksa sogelag har samla og fått som gåver og testemente, er sogelaget sin eigedom og kan ikkje overdragast utan etter vedtak på årsmøte.

Dersom sogelaget nokon gong vert oppløyst, ligg det til Sandsøy og Voksa sogelag å drøfte med Sande kommune korleis ein seinare kan ivareta samlinga slik at den framleis kan tene kulturvernføremål.

Styret